|
| Religion, livssyn og etikk - nye §§2-3A, 2-4 i Opplæringslova |
![]() |
| 23.07.2008 10:30 |
| Informasjon > |
Stortinget vedtok 12. juli 2008 følgende tekst i §§ 2-3A og 2-4
§2-3A Fritak frå aktivitetar m.m. i opplæringa.
Skolen skal vise respekt for elevane og foreldra sine religiøse og filosofiske overtydingar og sikre retten til likeverdig opplæring.
Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra få fritak frå dei delar av undervisninga ved den enkelte skole som dei ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn, eller som dei av same grunnlag opplever som støytande eller krenkjande. Det er ikkje nødvendig å grunngi melding om fritak etter første punktum.
Det kan ikkje krevjast fritak om kunnskapsinnhaldet i dei ulike emna i læreplanen. Dersom skolen på eit slikt grunnlag ikkje godtek melding om fritak, må skolen behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova.
Skolen skal ved melding om fritak sjå til at fritaket blir gjennomført, og leggje til rette for tilpassa opplæring innanfor læreplanen.
Skolen skal årleg informere elevane og foreldra til elevar under 15 år om reglar for fritak og innhaldet i opplæringa.
Elevar som har fylt 15 år, gir sjølv skriftleg melding som nemt i første ledd.
§2-4 Undervisninga i faget religion, livssyn og etikk.
Religion, livssyn og etikk (RLE) er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.
Undervisninga i RLE skal gi kjennskap til kristendommen, andre verdsreligionar og livssyn, kjennskap til kva kristendommen har å seie som kulturarv og til etiske og filosofiske emne.
Undervisninga i RLE skal bidra til forståing, respekt, og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.
Undervisninga i RLE skal presentare ulike verdsreligionar og livssyn på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte. Dei same pedagogiske prinsippa skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emna. |